Om nasjonalparken
I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Verneområda spenner seg frå nesten havnivå til over 2000 moh. Det er store variasjonar frå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear.
Villrein
Noreg har eit særskilt globalt ansvar for å ta vare på villreinen. I Breheimen nasjonalpark lever reinen i sitt naturlege habitat. Som besøkande kan du lære meir om dette majestetiske dyret gjennom informasjon og utstillingar på besøkssentera knytte til parken.
Råd om ferdsel
Med allemannsretten følgjer også ei plikt og saman kan me ta vare på naturen! Her finn du gode råd og tips til korleis du kan få gode opplevingar samtidig som du ferdast sporlaus i naturen.
Besøkssenter og innfallsportar
Variert og storslått natur som gir store og nære opplevingar for store og små heile året. Her kan ein følgje ei langstrakt sti-nettverk, oppsøke frodig kulturlandskap og imponerande vassdrag i dalane eller utfordre seg på krevjande fjelltoppar over 2000 meter.
Kulturminne og kulturlandskap
I verneområda i Breheimen er mange områder prega av at menneske har hausta av utmarka i samband med gardsdrift. Gjennom langvarig og systematisk bruk er desse områda noko av det mest artsrike vi har i Noreg. I landskapsvernområda er kulturlandskapet ein viktig del av verneføremålet, og det er ønskje om å ta vare på dei kulturtinga naturtypane gjennom bruk og skjøtsel.
Overnatting og reise
Korleis du kjem deg til Breheimen, og overnatting i området.
Kvar ligg Breheimen nasjonalpark?
Besøkssenter
Norsk Fjellsenter i Lom, Fortunsdalen besøkssenter i Luster og Breheimsenteret i Jostedal. Les meir om dei her

Innfallsportar
Sognefjellet, Billingen, Strynefjellsvegen, Mørkrisdalen og Lom. Les meir her
Nasjonalparkar i nærleiken
Allemannsretten – gleder og plikter
Tenk, kor heldige vi er: Allemannsretten er eit gratis fellesgode som gir deg rett til å bruka utmarka, uavhengig av grunneigar. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells. Så lenge du viser omsyn og tar med deg alt avfall, gjer allemannsretten at du kan ferdast fritt i naturen.
Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Ein grunnregel for alle som nyttar seg av allemannsretten: Forlat naturen slik du gjerne vil finna den sjølv!
Velkomen til Breheimen, ta vare på naturen
Allemannsretten. Allemannsretten gjeld i utmarka, og med den følgjer det og eit ansvar til å ta omsyn til naturen og dyrelivet. Du kan plukke bær og sopp til eige bruk, og plukke vanlege blomster, men ikkje trua og freda artar. Opphald, ferdsel og hausting må skje på ein omsynsfull måte. Grunnregelen for alle som ferdast i naturen er at du ikkje set spor etter deg. Forlat naturen slik du gjerne vil finne den sjølv!
Du kan tenne bål i skog og utmark kan du gjere mellom 15. september og 15. april og resten av året kor det openbart ikkje kan føra til brann. Følg med på lokale forbod. Les meir her
Søppel. Det du tek med ut på tur – skal være med deg attende. Hugs å rydde opp etter deg og ta med deg all søppel heim.
Framkomstmiddel og sykkel. All motorisert ferdsel er i utgangspunktet forbode i Breheimen nasjonalpark. Dette gjeld også elsykkel. Sykling er også forbode i Breheimen nasjonalpark.
La kulturminne vere i fred. Fangstgraver, fangstanlegg og bogestø som er nytta til fangst av villrein kan du sjå mange av i Breheimen. Kulturminne som tufter og fangstgraver er freda, så la stein frå gamle murar ligge.
Drone. Drone er forbode i Breheimen nasjonalpark. Gjer deg kjend med kvar det er lov å fly drone, og kva regelverk som gjeld.
Hunden er velkommen med på tur, men vis hensyn til vilt, beitedyr og andre mennesker. Båndtvang gjelder fra 1. april til 20. august. I Strynefjellet landskapsområdet, og i deler av Breheimen, starter båndtvangen allerede 1. mars. Les meir her
Jakt, fiske og fangst. I nasjonalparken kan du jakte og fiske dersom du har jakt-/fiskekort.
Fjellvandring. Breheimen er fyrst og fremst leveområde for villrein som er svært sky og sårbar for menneskeleg forstyrring. Vi råder difor folk til å ferdes i utkanten av nasjonalparken der det er minst sjanse for å treffe på villrein. Om du skulle møte på villrein, hald god avstand og trekk deg unna flokken i motsett retning. Ta elles omsyn til alt dyr- og planteliv og praktiser sporlaus ferdsel.
